torsdag 13. desember 2012

Juleverkstad - gitarsløyd





På den lettare magiske datoen 12.12.12. nytta ei gruppe gitarelevar ettermiddagen til å bygge sin eigen sigarboksgitar på sløydsalen saman med læraren sin Sindre Sortland. Byggesettet var sett saman av Claudio Forlini, og CBGane var 100% elektriske. I løpet av to og ein halv time hadde dei ein elektrisk gitar og spelte smoke on the water så sagmuggen fløy veggimellom. Sånn sett var det meir Holy Smoke enn Stille Natt over denne juleverkstaden. Enkelte elevar hadde med seg ein pappa, og det såg ut til at dei koste seg minst like mykje som den yngste generasjonen.

Klikk for å sjå:
http://youtu.be/s7P2JA5-CBU

onsdag 14. november 2012

Tilskuddsportalen

Dette gjeld ikkje berre kulturskulen, men alle lag og organisasjonar i Vaksdal Kommune:

Her får de tilgang til TILSKUDDSPORTALEN.


http://lf-tilskudd.scan4news.com/register/?kom=vaksdal


fredag 18. mai 2012

Konsert i Vaksdal Kyrkje 16. mai


Dagen før dagen hadde elevane i 5.-6. klasse ved Vaksdal Skule konsert i Vaksdal Kyrkje. Musikken hadde dei laga sjølv i komposisjonsverkstaden med Tor-Erik Hellesen. Heilt sidan januar har elevane hatt to skuletimar i veka med komposisjon, og dei har jobba med lyd på mange ulike måtar. M.a. har dei vore på lydsafari og samla, manipulert og organisert lydar frå nærmiljøet, og dei har trilla 12-sida terningar for å lage tolvtonemusikk - ei frekk kombinasjonsøving av dodekafoni og aleatorikk. Elevar og lærarar framførte verk for sinfonietta, trombone, gitar, kor og elektroakustikk. Mellom dei komponerte stykka improviserte pianoelevar på kyrkjeorgelet.

Komposisjonsprosjektet var ein del av satsinga ut i skulane (Ut Med Kulturskulen), og opplegget er utvikla og gjennomført av Tor-Erik Hellesen med forsiktig assistanse av Sindre Sortland. Me synst dette var ein svært vellukka konsert og nok eit kulturelt høgdepunkt i det produktive året 2012 i Vaksdal Kulturskule. Det finst lydopptak av konserten.

tirsdag 27. mars 2012

Street Dance !

Nytt tilbod i Kulturskulen frå veke 16!
Street Dance for elevar t.o.m. 6. trinn kvar torsdag 15:30 - 16:30, frå 7. trinn og opp frå 16:30 - 17:30. Ta kontakt med oss! 56 59 39 30/ 95 98 76 90 - post@vaksdalkulturskule.no

torsdag 16. februar 2012

Ny strålande animasjonsfilm!

Sjå her kva elevar ved Dale Barneskule har laga - i lag med Sindre Sortland og Charles Lunde i Vaksdal Kulturskule!

Hugs å ha lyden på !

http://www.youtube.com/watch?v=UZoMMn4BB-Q

søndag 12. februar 2012

Kulturskuleveka er i gang!

Kulturskuleveka 2012 starta med UKM torsdag 9.februar. Frå mandag 13.2 er det ymse konsertar kvar dag - heile veka. Heile programmet kan du lesa her:

http://www.vaksdal.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=1553&back=1&MId1=1&MId2=&MId3=&

Velkomen på konsert!

fredag 30. september 2011

Ledige prosjektstillingar

Me har nokre ledige mellombelse prosjektstillingar knytta til "Ut med Kulturskulen" - les meir her:

Prosjektstillingar