fredag 18. mai 2012

Konsert i Vaksdal Kyrkje 16. mai


Dagen før dagen hadde elevane i 5.-6. klasse ved Vaksdal Skule konsert i Vaksdal Kyrkje. Musikken hadde dei laga sjølv i komposisjonsverkstaden med Tor-Erik Hellesen. Heilt sidan januar har elevane hatt to skuletimar i veka med komposisjon, og dei har jobba med lyd på mange ulike måtar. M.a. har dei vore på lydsafari og samla, manipulert og organisert lydar frå nærmiljøet, og dei har trilla 12-sida terningar for å lage tolvtonemusikk - ei frekk kombinasjonsøving av dodekafoni og aleatorikk. Elevar og lærarar framførte verk for sinfonietta, trombone, gitar, kor og elektroakustikk. Mellom dei komponerte stykka improviserte pianoelevar på kyrkjeorgelet.

Komposisjonsprosjektet var ein del av satsinga ut i skulane (Ut Med Kulturskulen), og opplegget er utvikla og gjennomført av Tor-Erik Hellesen med forsiktig assistanse av Sindre Sortland. Me synst dette var ein svært vellukka konsert og nok eit kulturelt høgdepunkt i det produktive året 2012 i Vaksdal Kulturskule. Det finst lydopptak av konserten.